Fredrik Waldemar Hvoslef Innhaldsliste I Kautokeino | Biskop | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyKyrkjebok Kautokeino 1852, skriven av sokneprest HvoslefArtikkel i Dag og Tid nr. 16, 17. april 1997utvide hanNorsk biografisk leksikonStore Norske leksikonVIAF
EinskildmennFødde i 1825Døde i 1906Norske lutherske biskoparTidlegare biskopar i den norske kyrkjaSamisk historieKautokeinoopprøretSt. Olavs OrdenFolk frå Oslo
5. mai1906Bergen17. mars18255. mai1906Kautokeino-opprøretStockflethsamiskFinnmarkKautokeinoNiels Vibe StockflethKautokeino-opprøret1852Aslak Jacobsen HættaMons Aslaksen SombyRedningsskøytaRS 8 «Biskop Hvoslef»Redningsselskapet
Fredrik Waldemar Hvoslef
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fredrik Waldemar Hvoslef | |
Fødd | 17. mars 1825 Oslo, Christiania |
Død | 5. mai 1906 |
Yrke | prest |
Verv | Biskop i Tromsø stift |
Periode | 1868-1876 |
Føregangar | Carl Peter Essendrop |
Etterfylgjar | Jakob Sverdrup Smitt |
Verv | Biskop i Bergen stift |
Periode | 1881-1898 |
Føregangar | Peder Hersleb Graah Birkeland |
Etterfylgjar | Johan Willoch Erichsen |
Fredrik Waldemar Hvoslef på Commons |
Fredrik Waldemar Hvoslef (17. mars 1825–5. mai 1906) var ein norsk geistleg innblanda i Kautokeino-opprøret. Han var gift med Alette Kathrine Frost (f. 1825).
Fredrik Hvoslef var farlaus berre fem år gammal. Frå han var fjorten år drog han til sjøs, og han avla styrmannseksamen før han gjekk på land att som nittenåring for å ta seg teologisk utdanning. På universitetet møtte han Stockfleth, som gav han undervisning i samisk, og Stockfleth oppmoda han til å søkje eit kall i Finnmark.
Innhaldsliste
1 I Kautokeino
2 Biskop
3 Anna
3.1 Bakgrunnsstoff
3.1.1 Kjelder
I Kautokeino |
Som ung prest kom han til Kautokeino . Her heldt han tiltredingspreike på samisk 2. påskedag (12. april) 1851, i lag med tidlegare sokneprest Niels Vibe Stockfleth.
Som sokneprest i Kautokeino møtte han tidleg problem med det han opplevde som villfarne kristne. Fleire gonger nekta han folk nattverd fordi dei ikkje forstod at dei trong forlating for syndene sine. Ofte vart samlingane forstyrra av det han kalla «upasseligheder». Uroa toppa seg i Kautokeino-opprøret 8. november 1852. Her vart han vitne til at lensmannen og handelsmannen vart drepne, huset til handelsmannen vart brent og vindauga i prestegarden vart slegne inn. Hvoslef sjølv, huslyden hans og huslyden til handelsmannen vart tekne til fange i prestegarden og piska med bjørkeris. Overfallsmennene ville tvinge dei til bot og omvending. Hvoslef kjende seg sjølv truga på livet. Først då eit følgje samar frå Avžži kom til unnsetning, vart han sett fri.
Søndagen etter noterte Hvoslef i kyrkjeboka at lekamleg og andeleg utmatting gjorde han sjuk i kyrkja, likevel opplevde han å få Guds kraft til å fullføre gudstenesta. Veka etter vart det ikkje gudsteneste, sidan han låg til sengs. Hausten 1854 var han til stades ved halshogginga av Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby.
Biskop |
I 1857 vart Hvoslef styrar av lærarseminaret i Tromsø, i 1861 vart han stiftsprost same stad.
Biskop i Tromsø stift 1868−1876- Sokneprest i Frogner i Lier 1876-1881
- Biskop i Bergenhus stift 1881–1898
Anna |
Redningsskøyta RS 8 «Biskop Hvoslef» har fått namn etter han. Sonen gav denne skøyta til Redningsselskapet og ville heidre faren på den måten.
Bakgrunnsstoff |
- Kyrkjebok Kautokeino 1852, skriven av sokneprest Hvoslef
- Artikkel i Dag og Tid nr. 16, 17. april 1997
Kjelder |
Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; oversatt fra nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. (Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1825
- Døde i 1906
- Norske lutherske biskopar
- Tidlegare biskopar i den norske kyrkja
- Samisk historie
- Kautokeinoopprøret
- St. Olavs Orden
- Folk frå Oslo
(window.RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.148","walltime":"0.231","ppvisitednodes":"value":727,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":6686,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":698,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":9,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":5,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":0,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 199.733 1 -total"," 72.08% 143.961 1 Mal:Infoboks_biografi"," 23.02% 45.972 2 Mal:Br_separated_entries"," 12.44% 24.842 1 Mal:Autoritetsdata"," 10.33% 20.639 1 Mal:Religionsspire"," 9.10% 18.176 1 Mal:Spir"," 5.01% 10.000 1 Mal:Levde"," 4.09% 8.169 2 Mal:KategoriKjønn"," 2.27% 4.536 1 Mal:Emneikon"," 1.60% 3.202 2 Mal:Spirekategoriar"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.055","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":1325208,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1247","timestamp":"20190502034140","ttl":86400,"transientcontent":true););"@context":"https://schema.org","@type":"Article","name":"Fredrik Waldemar Hvoslef","url":"https://nn.wikipedia.org/wiki/Fredrik_Waldemar_Hvoslef","sameAs":"http://www.wikidata.org/entity/Q3352124","mainEntity":"http://www.wikidata.org/entity/Q3352124","author":"@type":"Organization","name":"Bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta","publisher":"@type":"Organization","name":"Wikimedia Foundation, Inc.","logo":"@type":"ImageObject","url":"https://www.wikimedia.org/static/images/wmf-hor-googpub.png","datePublished":"2007-03-17T11:24:45Z","dateModified":"2019-02-26T12:32:03Z","image":"https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/4/41/Fredrik_Waldemar_Hvoslef.gif","headline":"norsk prest"(window.RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgBackendResponseTime":346,"wgHostname":"mw1247"););